Eigedomsskattelistene for 2019

Eigedomsskattelistene for 2019

I samsvar med Eigedomsskattelova sin § 15 vil eigedomsskattelistene for bustader, fritidsbustader, næringseigedommar m.m. for 2019 bli lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker frå 28. februar.

  • 4 0/00 for næringseigedommar
  • 4 0/00 for bustader, fritidsbustader m.v.

Skattelistene blir også utlagt på servicekontoret.

For eigedommar som har fått ny/endra takst for 2019 blir det sendt ut eigen skatteseddel. Dette gjeld blant anna tidlegare verk og bruk eigedommane. For øvrige eigedommar finn ein informasjon om eigedomsskatt på faktura for 1. termin for kommunale eigedomsavgifter.

Eventuelle spørsmål om utskriving av eigedomsskatten kan rettast til Vestnes kommune, tlf 71 18 40 00.

Eventuelle klager over utskreve eigedomsskatt kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten, dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må vere skriftleg.

Klagen skal sendast til Vestnes kommune, Eigedomsskattekontoret, Brugata10, 6390 Vestnes innan 6 veker, og seinast innan 15. april 2019.

Fann du det du leita etter?