Kommunestyret har i sak PS.63/22 vedteke at det skal gjennomførast ny alminneleg taksering vedk. eigedomsskatt, med nye takstar gjeldande frå 01.01.2024.
Arbeidet med retaksering vil foregå i heile 2023.
Det vil bli synfaring på alle bebygde eigedommar som skal ha kommunal takst. Dette betyr at dei aller fleste bustadar ikkje skal synfarast.
Skatteetaten sitt formuesgrunnlag skal nyttast som takst for bustadar. Kommunen får da taksten frå Skatteetaten og denne må kommunen nytte. Taksten for 2024 finn du på skattemeldinga for 2022. Les meir om eigedomsskatt for bustadar.
Taksering
Eigedomsskattetaksten bygger på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar. Faktaopplysningar om eigar, adresse, areal på bygningar og tomter blir henta frå offentlege register. (Hovudkilde: Matrikkelen).
I dei skjønnsmessige vurderingane blir både generelle og spesielle forhold ved eigedommen lagt til grunn.
Eigedommen sin verdi dannar grunnlaget for berekning av eigedomsskatten. Taksten som blir sett skal gjenspeile ein objektiv omsetningsverdi/marknadsverdi. Kommunen skal ved eigedomsskatteutskriving redusere taksten ved å multiplisere den med 0,7 (gir 30 % reduksjon) for eigedommar med bustadbygg og fritidsbustadar.
Synfaring
Ved synfaring er hovudregelen at det berre blir utført ei utvendig synfaring. I tilfelle der opplysningar i offentlege eigedomsregister er mangelfulle, blir bygningar også oppmålt utvendig. I tillegg tek kommunen bilete av bygningane. Etter synfaring vil det bli sendt ut informasjon om faktaopplysningane.
Vi er ikkje avhengig av at du er tilstades under synfaringa. Dersom du likevel ønskjer å vere til stades under synfaringa, må du sende oss ei skriftleg melding om dette.
Synfaring tek til i slutten av mai og vil halde på ut året.
Lenker og dokument
Eigedomsskattelova - lovdata.no
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova- lovdata.no)
Definisjonar av etasjar i bygningar (PDF, 52 kB)