Rådhuset opnar ikkje før sikringstiltak er gjennomført


I påvente av ombygging av inngangspartet vil dørene framleis vere låste, men alle tenester er tilgjengelege. Her finn du kontaktinformasjon til kommunen og NAV.

Eigedomsskatt - synfaring av eigedomane for ny alminneleg taksering startar no

Eigedomsskatt - synfaring av eigedomane for ny alminneleg taksering startar no

Synfaring tek til i slutten av mai og vil halde på ut året.

Kommunestyret har i sak PS.63/22 vedteke at det skal gjennomførast ny alminneleg taksering vedk. eigedomsskatt, med nye takstar gjeldande frå 01.01.2024.

Arbeidet med retaksering vil foregå i heile 2023. Det vil bli synfaring på alle bebygde eigedommar som skal ha kommunal takst.

Skatteetaten sitt formuesgrunnlag skal nyttast som takst for bustadar, og skal derfor ikkje synfarast.

Taksering

Eigedomsskattetaksten bygger på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar. Faktaopplysningar om eigar, adresse, areal på bygningar og tomter blir henta frå offentlege register. (Hovudkilde: Matrikkelen).

I dei skjønnsmessige vurderingane blir både generelle og spesielle forhold ved eigedommen lagt til grunn.

Eigedommen sin verdi dannar grunnlaget for berekning av eigedomsskatten. Taksten som blir sett skal gjenspeile ein objektiv omsetningsverdi/marknadsverdi. Kommunen skal ved eigedomsskatteutskriving redusere taksten ved å multiplisere den med 0,7  (gir 30 % reduksjon) for eigedommar med bustadbygg og fritidsbustadar. 

Synfaring

Ved synfaring er hovudregelen at det berre blir utført ei utvendig synfaring. I tilfelle der opplysningar i offentlege eigedomsregister er mangelfulle, blir bygningar også oppmålt utvendig. I tillegg tek kommunen bilete av bygningane. Etter synfaring vil det bli sendt ut informasjon om faktaopplysningane. 

Vi er ikkje avhengig av at du er tilstades under synfaringa. Dersom du likevel ønskjer å vere til stades under synfaringa, må du sende oss ei skriftleg melding om dette.

Synfaring tek til i slutten av mai og vil halde på ut året.

 

Lenker og dokument

Eigedomsskattelova - lovdata.no
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova- lovdata.no)
Definisjonar av etasjar i bygningar (PDF, 52 kB)

Kontakt

Jon Hermann Pilskog Frantzen
Ingeniør
E-post
Telefon 90 36 44 02
Emil Balstad
Einingsleiar
E-post
Telefon 48 12 54 80
Reidun Beathe Bjølverud
Rådgjevar
E-post
Telefon 48 24 12 12

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart