Ei ny bustadtomt til sals i Bakneset byggefelt på Vikebukt

Ei ny bustadtomt til sals i Bakneset byggefelt på Vikebukt

Det vert no lagt ut for sal 1 ny bustadtomt på øversida av Baknesvegen på Vikebukt. Tomta er på ca 1.090 m². Kart som viser tomtas plassering finn du her. (PDF, 159 kB) Kjøpar må gjere seg kjent med reguleringsføresegnene for området.

Ved sal av tomtene gjeld kommunens tildelingsreglar for bustadtomter (PDF, 151 kB), vedtatt 21.06.2018. Det er viktig at interessentar gjer seg kjent med desse reglane før ein søkjer om tomt. Reglane inneber mellom anna at interessentar må sende inn søknad på aktuell tomt innan fristen som er oppgitt nedanfor. Søknadsskjema skal fyllast ut elektronisk her. Om fleire interessentar søker om tomta innan fristen vert tildeling av tomta gjort ved loddtrekking.

Prisen på tomta er kr. 405.000. Omkostningar til frådeling, oppmåling, dok.avg. mm. kjem i tillegg og vil ligge på ca kr. 35.000. Sjå også standard kjøpekontrakt for ytterlegare vilkår (PDF, 566 kB). Tilknytingsavgift for vatn i privat vassverk og elektrisk energi og evt. breiband/fiber kjem i tillegg.

Ved spørsmål ta kontakt med bustad- og eigedomskontoret på tlf. 94146273 eller på e-post; oystein.hole@vestnes.kommune.no.

Søknad må vere sendt Vestnes kommune innan 31.10.2021.