Digital utsending av brev

Digital utsending av brev

Frå 1. januar 2020 går Vestnes  kommune over til å sende brev digitalt - via SvarUT. Derfor bør du sørgje for å ha ei digital postkasse.

Vestnes  kommune tek  i bruk KS SvarUT. Dette er ei løysing for formidling av digital post frå offentlege verksemder på ein sikker måte. Du vil motta brev frå kommunen same dag som saksbehandlar har ferdigstilt brevet.

Kva er digital postkasse?

Ei digital postkasse er ditt eige trygge arkiv der du enkelt finn igjen post frå det offentlege når du har bruk for det. Du må sjølv opprette digital postkasse gjennom e-Boks eller Digipost. Begge tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit.

Du vil raskt oppdage at stadig fleire offentlege verksemder sender post digitalt. Du får ein sms eller e-post med beskjed når du får brev.

Kvifor treng du digital postkasse når du har e-post?

Det offentlege kan ikkje sende sensitiv informasjon, som for eksempel helseopplysningar, på e-post. E-posten er ikkje sikker nok. Digital post er kryptert og er derfor ein sikker kanal. Du må logge deg inn for å lese posten din.

Næringslivet

Næringslivet vil får posten i sin meldingsboks i Altinn.

Kva skjer om du ikkje skaffar deg digital postkasse?

Frå Vestnes kommune vil du få posten din i Altinn om du ikkje har digital postkasse frå e-Boks eller Digipost. Dersom brevet ikkje blir opna i Altinn innan tre verkedagar, vil du automatisk få det på papir.

Du kan reservere deg

Du kan reservere deg mot kommunikasjon på nett. Du vil då få post frå det offentlege på papir.

Reserver deg mot digital kommunikasjon

Fjern reservasjon

Dersom du har reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlige og ønskjer å gjere om på dette, kan du når som helt fjerne reservasjonen ved å logge inn på dine kontaktopplysninger:

Fjern reservasjon mot digital kommunikasjon