Brøyting og strøing

Brøyting og strøing

Her er oversikta over inngåtte avtalar om brøyting og strøing i perioden 2021 - 2023. Dersom du ønskjer privat brøyting må dette avtalast direkte med kontraktør i ditt område.

Nye reglar frå 2021

Alle kontraktørar skal no brøyte og strø eigne roder. Vestnes kommune strør, i tillegg til eiga rode, Fiksdal og Rekdal.

Kommunen skal ikkje kontaktast ved mangel på brøyting eller strøing på andre roder, med mindre det er ein formell klage. Formell klage skal sendast skriftleg til Vestnes kommune til e-post: postmottak@vestnes.kommune.no. Dersom du vil klage på dagsaktuelle hendingar må du ta direkte kontakt med kontaktperson for aktuell rode.

Private avtalar

Om du ønskjer å inngå private avtale om brøyting og strøing, må du ta direkte kontakt med aktuelt firma/kontaktperson som brøyter i ditt område.  Det er opp til firma/kontaktperson om dei ønskjer å inngå avtale på eit privat område. Kommunen skal ikkje administrere private avtalar for andre roder/kontraktørar.

Vil du inngå privat avtale i kommunen si rode - send søknad her.

Oversikt over roder og brøytarar

Brøyting
Rode Firma Kontaktperson Telefon
Hjelvika og Vågstranda Talberg Gård Kai Talberg 412 06 086
Gjermundnes - Vikebukt Krogseth Maskin Jonas Krogseth 996 96 842
Daugstad Øvstedal Gard Lasse Øvstedal 996 96 842
Tresfjord Øvstedal Gard Lasse Øvstedal 905 14 584
Skorgen Øvstedal Gard Lasse Øvstedal 905 14 584
Kjersemfjellet Odd Jonny Frostad Odd Jonny Frostad 952 50 541
Sentrum/Kollen/Myrateigen/ Kråkvika/Skogvegen/Remmemsråket/ Ny-parkering VVIL/Bobil etc.) Skavnes AS Tonny Skavnes 902 02 023
Åsbygda Skavnes AS Tonny Skavnes 902 02 023
Hagneset/Vestnesbukta Sellereite AS Audun Sellereite 908 38 243
Sørås/Jervell/Ny-jord Øvstedal Gard Lasse Øvstedal 905 14 584
Flate Flate Gard Rune Stokkeland Misfjord 402 00 271
Øverås/Leirvågen Øvstedal Gard Lasse Øvstedal 905 14 584
Vik, Selnes (Sellereite strør også Lid, Tomra) Sellereite AS Audun Sellereite 908 38 243
Lid, Tomra Anders Lid Krogseter Anders Lid Krogseter 905 08 252
Fiksdal Kristian Bergheim Kristian Bergheim 926 22 239
Rekdal Kristian Bergheim Kristian Bergheim 926 22 239
Helland/Myra (*) Vestnes kommune 71 18 40 00

* (Hellandheimen, Remmemsvegen/Hellandhaugen/Rabben)

Kontaktinformasjon

Tobias Hay Slinning
Ingeniør avløp og veg
E-post
Telefon 907 24 198

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart