Ber innbyggarane ta smittevern på alvorDen siste veka har Vestnes kommune fått påvist over 80 smittetilfelle. Halvparten er frå lokalbefolkninga og halvparten er knytt til innleigd arbeidskraft, alle er smitta i Vestnes. Dette er høge tal, men få vert alvorleg sjuke. I kommunen vår ser vi tydeleg at dei som er vaksinerte, samt born, får milde symptom og mindre alvorlege forløp. Slik situasjonen er i dag, er det ikkje naudsynt med strengare lokale tiltak. Vi vil likevel oppmode befolkninga om å vere meir varsam. Hald deg heime om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom – og test deg Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, gjerne ein meter Vurder bruk av munnbind dersom det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg Reduser talet på nærkontaktar Kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli Sist endra 05.11.2021 13.24