Barnehageopptak i Vestnes kommune 2021 – 2022

Barnehageopptak i Vestnes kommune 2021 – 2022

Det kan no søkjast om barnehageplass i Vestnes kommune for opptak hausten 2021. Søknadsfristen er 1. mars 2021.

Det er samordna opptak for private og kommunale barnehagar og det skal berre nyttast elektronisk søknad.

Desse må søkje:

  • barn som ikkje har barnehageplass
  • barn som står på venteliste no og vil endre på søknaden sin
  • barn som har plass, men vil endre på plassen
  • barn som har plass, men som vil bytte barnehage

Informasjon og søknadsskjema finn ein her.

Dersom de treng hjelp til utfylling av skjema kan de ta kontakt med servicekontoret.

Søknadsfristen er 1. mars 2021