Informasjon om koronaviruset

Barnehagar og barne- og ungdomsskular på grønt nivå og anbefalinga om bruk av munnbind blir oppheva

Barnehagar og barne- og ungdomsskular på grønt nivå og anbefalinga om bruk av munnbind blir oppheva

Vestnes kommune innfører frå 31. mai grønt nivå på alle barnehagar og barne- og ungdomsskular. Gjermundnes vidaregåande skule og vaksenopplæringa held fram med gult nivå. Kommunen går og vekk frå anbefalinga om bruk av munnbind på butikkar og kjøpesenter. Dersom ein ikkje kan halde 1 meters avstand til andre skal ein likevel nytte munnbind.

Det vil framleis vere smitteverntiltak, og ingen sjuke skal møte i barnehage/skule, sjølv med milde symptom. Det er er viktig å halde avstand der det er mogleg. Ved grønt nivå er det opning for å løyse opp kohortane slik at barna kan samarbeide på tvers.

Vestnes kommune følgjer dei nasjonale tiltaka som gjeld for smittevern.