Avviklar ordning med lokal hjelpetelefon frå 15. maiVestnes kommune oppretta lokal hjelpetelefon den 23.03.20 i samband med utbrotet av koronaviruset. Tilbodet har vore eit lavterskeltilbod tilgjengeleg med støtte for barn, unge og føresette.Telefonen har vore bemanna av fagpersonell kvardagar mellom 09:00 - 15:00. Den lokale hjelpetelefonen har vore lite nytta av innbyggjarane og difor vel kommuna å avvikle ordninga frå 15.05.20. Dersom behovet skulle endre seg vil det vere aktuelt å starte opp igjen med ordninga.Ein gjer oppmerksam på dei nasjonale hjelpetelefonane som ligg inne på kommuna si heimeside. Desse er tilgjengleg for råd og rettleiing. Sist endra14.05.2020 10.35