Avklaring av smittesituasjonen ved Aas Mek Verksted

Avklaring av smittesituasjonen ved Aas Mek Verksted

Testresultata for dei 51 nærkontaktane for den smitta ved Aas Mek. Verksted er no klare og det viser at ingen av desse har fått positiv prøve. Dette betyr at verftet kan opne igjen. Nærkontaktane til den smitta vil bli sittande i karantene i 10 dagar. 

Dei andre arbeidarane frå verftet som vart sett i karantene, er no fristilt og kan starte på arbeid igjen etter nærare avtale med verftet.

Det er likevel viktig at alle i den næraste tida tenker smittevern og har lav terskel for testing om dei føler seg sjuk.