Åtte nye smittetilfelle i Vestnes

Åtte nye smittetilfelle i Vestnes

Vestnes kommune har fått melding om åtte nye smittetilfelle av covid-19.

Sju nærkontaktar, som allereie er i karantene på Trohaugen, testa positivt på dag 7. Dette er testar som rutinemessig blir tatt av nærkontaktar på dag 7 i karantene.

Tre av dei nærkontaktane som no har testa positivt er relatert til utbrotet ved Vard Brattvaag, dei fire andre er nærkontaktar til dei arbeidarane som testa positivt i forrige veke og som er relatert til Vard Langsten. Alle er i isolasjon på Trohaugen.

Og i samband  med VARD Langsten sine nye rutiner med vekentleg covid-testing av eit utval abeidarar og smittesituasjonen ved verftet, er det i går kveld registrert ein arbeidar som har testa positivt for covid-19. Arbeidaren er i isolasjon på Trohaugen, og nærkontaktar er satt i karantene.  

VARD iverksatte testing av eit utval av arbeidarar også i går. Ein ventar svar på desse i løpet av helga.

Det er ingen nye positive blant nærkontaktane i samband med smittetilfelle som utløyste at mannskap ved Tomrefjord stasjon vart sett i karantene. Alle nærkontaktane vert testa att på laurdag.