Informasjon om koronaviruset

Asfaltering Buktavegen

Asfaltering Buktavegen

Det vil foregå asfaltering på Buktavegen onsdag, torsdag og fredag neste veke  27., 28. og 29. mai.

Onsdag vil asfaltering/oppretting skje frå kontor/hall Aas Mekaniske til Kløverkjøtt. Etter det vil ein starte heilt i nordenden av Buktavegen og legge framover mot snuplassen for bussen.

Skulebuss vil kunne gå normalt onsdag. 

Torsdag og fredag vil vi fortsette med asfalteringa heilt fram til europavegen. Desse dagane må dessverre skulebussen snu ved Aas Mekaniske. Det vil vere manuell dirigering av personbiltrafikk via fortau. Det må påreknast noko ventetid. Personell vil også dirigere bussen ved snuinga ved Aas Mekaniske.

Vi takkar for tolmod.

 

Med helsing Vestnes kommune tekniske tenester