Årets Ros 2019

Årets Ros 2019

Klikk for stort bileteRådet for funksjonshemma i Vestnes kommune skal dele ut prisen Årets Ros 2019 og ønskjer forslag på priskandidatar.

Årets Ros er ein pris som kan tildelast enkeltpersonar, organisasjonar, bedrifter eller offentlege instansar som har vist fokus på universell utforming i praksis, og at dette er nødvendig og nyttig. Universell utforming kan være knytt til bygningsutforming, utforming av uteområde eller til gjennomføring av arrangement.
Prisen består av ein blomsterbukett, ein prisdiplom og ein gåvesjekk på kr. 5.000,-.

Vedtektene for Årets Ros kan du lese her. (PDF, 119 kB)

Forslaget skal være skriftlig og med grunngjeving.

Forslag sendast til:
Vestnes kommune,
Rådhuset, Brugata 10,
6390 Vestnes
eller til postmottak@vestnes.kommune.no

Frist for innsending av forslag er 18. august 2019.

Fann du det du leita etter?