Arbeidarar i karantene i Vestnes får ikkje oppsøke butikkarVestnes kommune hadde onsdag denne veka dialogmøte med industribedrifter, politiet og Vestnes næringsforum, der tema har vore karantene- og smittevernreglar. Eit tiltak bedriftene er einige om, er at arbeidarar i karantene ikkje skal oppsøke butikkar. Dette har bedriftene hatt som fast rutine sidan tidleg 2020. Alle bedrifter som har gjestearbeidarar i kommunen er einige om rutinar som legg til rette for at personar som skal sitte i karantene, ikkje skal oppsøke butikkar i karantenetida. Det blir sørga for at andre handlar, enten av bedrifter eller kollegaer. Dette er rutinar som er strengare enn dei sentralt gitte retningslinjer for karantene, og som bedriftene har praktisert i lang tid. Alle involverte har interesse av at smitte ikkje skal spreiast. Mange som er kome til Vestnes i samband med arbeid i ulike bedrifter, har kjøpt seg hus eller leiger bustad, og er vanlege innbyggarar i Vestnes. Mange av desse reiste ikkje til heimlandet i jule- og nyttårshelga, og skal dermed ikkje i karantene. Karantenetida for enkelte gjestearbeidarar er også over, slik at dei no er starta i arbeid. Dei høge smittetala i Vestnes er knytt til tilreisande arbeidarar som har vore i innreisekarantene sidan ankomst. Dei involverte opplever å ha kontroll på smitta sjølv om det foreligg høge tall. Det har vore jamnlege møte og bedriftene ser på dialogmøta som ein arena for erfaringsutveksling. Samarbeidet mellom partane er særs godt. Sist endra14.01.2021 10.00