Arbeidar ved Vard Langsten smitta av covid-19

Arbeidar ved Vard Langsten smitta av covid-19

En arbeidar ved Vard Langsten har fått påvist covid-19. Arbeidaren har vore i Noreg sidan august, og kom til Vestnes kommune søndag. Arbeidaren har vore to dagar på arbeid ved verftet, og har vore i karantene sidan tysdag kveld. Vedkommande er no i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.

Vedkommande har vore på arbeid ved verftet måndag og tysdag. Han blei overflytta til karantene på Trohaugen tysdag kveld etter å ha blitt informert om at han har vore nærkontakt til ein smitta person som arbeider i ei anna kommune i Møre og Romsdal. VARD utførte straks reinhald og desinfeksjon av områda arbeidaren skal ha opphaldt seg. Han har arbeidd på eit begrensa område ved verftet. Han blei testa onsdag og prøvesvar var klart torsdag ettermiddag. Arbeidaren har ikkje symptom og sit no i isolasjon.

Kommuneoverlegen i Vestnes og VARD har gjennomført smittesporing. 16 nærkontaktar frå same leverandør er no overflytta til Trohaugen for karantene. Dei vil bli testa fredag morgon, og VARD gjennomfører ekstra reinhald torsdag kveld på dei områder kor også nærkontaktane har arbeidd. Sidan smittesporing er gjennomført, kan verftet ha arbeid som normalt fredag.