Arbeidar i karantene testa positivt på covid-19

Arbeidar i karantene testa positivt på covid-19

Det er registrert smitte hos ein arbeidar som sit i karantene på Trohaugen. Personen var nærkontakt til arbeidaren som torsdag i førre veke testa positivt ved VARD Søviknes.

Det er Ålesund kommune i samarbeid med VARD sitt smitteteam som handterer situasjonen og følger opp smittesporing og ytterlegare testing.

Brakkeriggen på Trohaugen blir brukt som isolasjons- og karantenerigg for VARD sine verft.