Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 29.09.2020, kl 09:01

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Anbodskonkurranse på senger, madrassar og nattbord til ny sjukeheim (Stella Maris)

Anbodskonkurranse på senger, madrassar og nattbord til ny sjukeheim (Stella Maris)

Vestnes kommune har nyleg lyst ut konkurranse på Doffin for anskaffing av senger, madrassar og nattbord. Formålet med denne anskaffinga er å inngå ein rammeavtale (1+1+1+1 år) for levering og montering av nemnde produktgrupper. 

Rammeavtalen gjeld i all hovudsak innkjøp til bebuarromma ved Helsehuset Stella Maris. Dette vil omfatte 64 sett med senger, madrasser og nattbord. I tillegg legg ein opp til at avtalen skal kunne dekke suppleringskjøp i etterkant av hovedleveransen til Stella Maris, eller som innkjøp til andre institusjonar i kommunen. Valgt leverandør skal sørge for transport heilt fram til bygget, utpakking, montering og utplassering av produkta på bebuarromma som anvist av oppdragsgivar.

For nærmare beskriving av leveransen vert det vist til kravspesifikasjon på doffin.no.

Det er eit krav at alle tilbod skal innleverast via konkurransegrunnlagsverktøyet Tendsign.

Tilbodsfristen er sett til 03.07.2020.