Anbefaler munnbind og innfører raudt nivå på skulane

Anbefaler munnbind og innfører raudt nivå på skulane

På grunn av smitte i kommunen anbefaler kriseleiinga i Vestnes bruk av munnbind i butikkar, kjøpesenter og kollektivtransport i Vestnes kommune, samtidig innfører vi raudt nivå på skulane.

Kommunen kjem med ei sterk anbefaling om at alle bør bruke munnbind når dei er på butikkar/kjøpesenter eller reiser kollektivt. Vi anbefaler bruk av munnbind når ein elles ikkje klarer å halde minst to meter avstand til andre.

Kommunen innfører frå 6. april t.o.m.14. april raudt nivå på alle skulane. Dette gjeld barneskulane, ungdomsskulane, Gjermundnes vidaregåande skule og vaksenopplæringa.

Skulane føl rettleiaren til UDIR.

Alle bør begrense sosial fysisk kontakt i størst mogleg grad. Vi viser elles til nasjonale reglar og anbefalingar.