Anbefaler munnbind og følgjer lokale smitteutbrot tett

Anbefaler munnbind og følgjer lokale smitteutbrot tett

I samband med smitteutbrota i Ålesund og Hustadvika har kriseleiinga i Vestnes hatt møte, og kome fram til at vi har kontroll på smittesituasjonen i kommunen. Kriseleiinga i Vestnes anbefalar likevel bruk av munnbind i butikkar, kjøpesenter og kollektivtransport i Vestnes kommune.

Kommunane Ålesund, Sula og Giske innfører frå midnatt ei lokal forskrift med strengare smitteverntiltak enn dei nasjonale retningslinjene. Ei rekke verksemder er stengde ned og det er innført skjenkestopp og påbod om heimekontor. 

Vestnes kommune følgjer situasjonen i nabokommunane tett og vurderer fortløpande om lokal forskrift skal innførast. 

Vestnes kommune kjem med ei sterk anbefaling om at alle bør bruke munnbind når dei er på butikkar/kjøpesenter eller reiser kollektivt. Vi anbefaler bruk av munnbind når ein elles ikkje klarer å halde minst ein meter avstand til andre.

Elles oppmodar ein til å handle lokalt og å ha få nærkontaktar.

Kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli skryt av innbyggarane i Vestnes, og seier at når ein har kome med anbefalingar har folk vore flinke til å følgje desse.