Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 29.09.2020, kl 09:01

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Ammoniakkulykke ved Solstrand verft

Ammoniakkulykke ved Solstrand verft

Under vedlikehaldsarbeid ombord i ein båt i dokk ved Solstrand verft i Tomrefjord oppstod det lekkasje av ammoniakk. Vestnes kommune har sett krisestab og følgjer ulykka tett.

To person skal vere eksponert for lekkasjen, dei er ivaretatt av helsepersonell.

Politiet evakuerer bebuarar og personar innafor ein radius på 300 meter frå der båten ligg i dokk. Operasjonssentralen melder at det ikkje er eksplosjonsfare og liten risiko for at bebyggelsen er bebrørt, da vindretninga er gunstig.

Ved behov for overnatting for dei evakuerte har Vestnes kommune etablert eit tilbod på Vestnes Fjordhotell. Kontakt politiet ved eventuelle spørsmål rundt evakueringa eller behov for overnatting på tlf. 02 800.