Aktuelt

Vestnes kommune lyser ut næringsprisen for 2019.

Vestnes kommune lyser ut kulturprisen for 2019. Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper eller lag og organisasjonar som har vist vedvarande og aktiv kulturinnsats utover det alminnelege.

Vestnes kommune rullerer kulturpolitisk temaplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg kvart år, mellom anna med tanke på tilskotssøknader.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjende Vestnes kommunestyre den 31.10.2019, sak 111/2019, endring av reguleringsplan med føresegner for Sess-setra. Områda innanfor planen er regulert til fritidsbustader.

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? 28. oktober startar ei landsdekkjande arbeidsveke med fokus på eigenberedskap.

Søkarlista til stillinga som administrasjonssjef/rådmann i Vestnes kommune er no offentleggjort.

Som ein del av arbeidet med digitalisering går Vestnes kommune no over til digital fakturadistribusjon. Dette fører til ny rutine for utsending av faktura frå november 2019

Vestnes kommune søker ein trygg, tydeleg og synleg leiar med god økonomiforståing, gode kommunikasjonsevner og ein motiverande og samlande leiarstil.

Vestnes kommune i samarbeid med Mental helse inviterer til markering av verdensdagen ved Myra kulturhus 24. oktober kl 18.00 – 20.00.

Som ein del av grunnlaget for eigedomsskattetaksering av nye objekt, vert det i medhald av Matrikkellova sin § 41 utført synfarings- og oppmålingsarbeid i heile kommunen. Arbeidet vil vare ut februar 2020.

Eigedomsskattekontoret i Vestnes