Aktuelt

Som ein del av arbeidet med digitalisering går Vestnes kommune no over til digital fakturadistribusjon. Dette fører til ny rutine for utsending av faktura frå november 2019

Vestnes kommune søker ein trygg, tydeleg og synleg leiar med god økonomiforståing, gode kommunikasjonsevner og ein motiverande og samlande leiarstil.

Vestnes kommune i samarbeid med Mental helse inviterer til markering av verdensdagen ved Myra kulturhus 24. oktober kl 18.00 – 20.00.

Som ein del av grunnlaget for eigedomsskattetaksering av nye objekt, vert det i medhald av Matrikkellova sin § 41 utført synfarings- og oppmålingsarbeid i heile kommunen. Arbeidet vil vare ut februar 2020.

Eigedomsskattekontoret i Vestnes

Valstyret i Vestnes har i kveld godkjent valresultatet. Her kan en sjå kven som blir dei nye kommunestyrerepresentantane dei neste 4 åra. Her er og utfyllande informasjon om mandatfordeling og kandidatkåring.

Grunna legging av nytt golvbelegg på legekontor og legevakt blir drifta midlertidig flytta opp ein etasje til fløy B ved Ørskog omsorgssenter (sjukeheimen) i ein periode på 6-8 veker.

Staben i Bu- og habiliteringstenestene flyttar frå Furulikjellaren til kontorlokala i 1. etasje på Ressurssenteret, Myra 23,  frå torsdag 14. august.

Rådet for funksjonshemma i Vestnes kommune skal dele ut prisen Årets Ros 2019 og ønskjer forslag på priskandidatar.

For å kunne røyste ved valet må du stå i manntalet. Du står i manntalet i den kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2019.

Onsdag 10. juli kl 18:00 blir det offisiell opning av det nye parkområdet på Krokneset, nedanfor Kariplassen.