5 arbeidarar og 1 fastbuande i innreisekarantene testa positivt på covid-19

5 arbeidarar og 1 fastbuande i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Det er registrert 6 nye smittetilfelle i Vestnes kommune, i tillegg er ein registrert som usikker positiv.

Ein fastbuande i Vestnes testa positivt på covid-19 etter innreise innan 24 timar til Noreg.

  • Personen har vore i karantene og er no sett i isolasjon
  • Nærkontaktar sit allereie i karantene 
  • Han har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timer før ankomst Noreg

VARD sine testresultat, som blei tilgjengeleg i løpet av søndag, viser at 5 personar har testa positivt og ein usikker test på covid-19.

  • Alle har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen.
  • Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg. Denne dokumentasjonen blir framvist i grensekontrollen, samt ved innsjekk på VARD sine brakkeriggar. 

VARD testar fortløpande tilreisande arbeidarar som har ankome selskapet sine brakkeriggar etter opphald i utlandet. Sjølv om alle arbeidarane tek koronatest før avreise frå heimlandet, og myndigheitene har eit mål om å teste alle på landegrensene til Noreg, tek VARD ytterlegare 2 tilleggstestar av alle arbeidarane under karanteneperioden. Første test blir tatt etter ankomst, den neste før karanteneopphaldet blir avslutta. Selskapet tek og retestar av dei som har positivt testresultat, samt nærkontaktar og personar i same reisefølge.

Positive testar som blir registrert som følge av VARD sine interne testing, blir offisielt registrert på Ålesund kommune sin statistikk, men handtert av VARD og Vestnes kommune. Tilfella blir registrert i Vestnes kommune sin interne statistikk.