2 ledige omsorgsbustader: Senior Plaza og Aktivitetssenteret på Vestnes

2 ledige omsorgsbustader: Senior Plaza og Aktivitetssenteret på Vestnes

Det vert ledig ei leilegheit ved Senior Plaza og ei leilegheit på Aktivitetssenteret. Søknadsfristen er 21. desember 2018.

Senior Plaza - leilegheit med 2 soverom

Ledig frå ca. medio desember. Leilegheita ligg i 4. etasje og har eit areal på ca. 70 m². Husleiga er kr 7.165  pr. mnd. inkl. kabel-TV. Fjernvarme og straum kjem i tillegg og er for tida på hhv. 600 og 250 kroner pr. månad.

Aktivitetssenteret (Brugata 8) - leilegheit med 1 soverom

Ledig frå ca. medio januar. Leilegheita ligg i 2. etasje og har eit areal på ca. 70 m². Husleiga er kr 6.565  pr. mnd. inkl. kabel-TV. Fjernvarme og straum kjem i tillegg er for tida på hhv. 600 og 200 kroner pr. månad.

Felles for begge bustadene

Parkeringsplass inngår ikkje i leigeavtalen. Dyrehald og røyking er ikkje tillate i bustadene. Bustadene har eigen balkong.

Det er utarbeidd eigne kriteria for inntak i omsorgsbustad (PDF, 584 kB), der behov for pleie/omsorg og tryggleik vert lagt vekt på. Nærare opplysningar kan ein få hos tenestekontoret, tlf. 71 18 40 21/22/23.

Søknadsskjema får ein på servicekontoret, tlf. 71 18 40 05, evt. finn du det her.

Søknaden sendast til: Vestnes kommune v/tenestekontoret, Brugata 10, 6390 Vestnes.

Søknadsfrist er 21. desember 2018.

Fann du det du leita etter?