15 nye bustadtomter til sals i Bakneset byggefelt på Vikebukt

15 nye bustadtomter til sals i Bakneset byggefelt på Vikebukt

Det vert no lagt ut for sal 15 nye bustadtomter langs Baknesvegen på Vikebukt. Tomtene er på mellom (ca) 750 og 1650 m². Kart over tomtene finn du her (PDF, 213 kB). Kjøpar må gjere seg kjent med reguleringsføresegnene både for tomt nr. 1-12 (PDF, 59 kB) og tomt nr. 13-15 (PDF, 68 kB).

Ved sal av tomtene gjeld kommunens tildelingsreglar for bustadtomter (PDF, 136 kB), vedtatt 21.06.2018. Det er viktig at interessentar gjer seg kjent med desse reglane før ein søkjer om tomt. Reglane inneber mellom anna at interessentar må sende inn søknad på aktuelle(e) tomt(er) innan fristen som er oppgitt nedanfor. Søknadsskjema kan fyllast ut elektronisk her, eller du kan nytte manuelt skjema (DOCX, 89 kB) for utskrift

Tomteprisen ligg på mellom kr. 245.000 og 405.000. Omkostningar til frådeling, oppmåling, dok.avg. mm. kjem i tillegg og vil ligge på inntil kr. 35.000 pr. tomt. Sjå evt. standard kjøpekontrakt for ytterlegare vilkår (DOC, 696 kB). Tilknytingsavgift for vatn i privat vassverk og elektrisk energi og evt. breiband/fiber kjem i tillegg.

Ved spørsmål ta kontakt med bustad- og eigedomskontoret på tlf. 71184063/94146273 eller på e-post; oystein.hole@vestnes.kommune.no.

Søknad sendast enten elektronisk eller til Vestnes kommune v/bustad- og eigedomskontoret, Brugata 10, 6390 Vestnes.

Søknad for førstegongs tildeling må vere Vestnes kommune i hende innan 21.06.2019.

Fann du det du leita etter?