Lag og organisasjonar i Vestnes kommune

KRIK Vestnes

KRIK Vestnes ønsker at alle ungdommar får oppleve livsglede, idrettsglede og trusglede i eit trygt, ope, inkluderande og rusfritt fellesskap. Hos oss finst ingen reservebenk :-) KRIK står for KRisten IdrettsKontakt. På treningane i Vestneshallen bruker det å kome 30-50 ungdommar. Alle frå og med 8. klasse er velkommen! På treningane har vi først felles oppvarming før vi deler hallen og spelar ulike ballspel. Deltakarene får vere med å bestemme kva vi gjer på treningane. Etter halvgått tid har vi ein litt lengre pause med andakt og informasjon.

Vi trenar vanlegvis i Vestneshallen kl. 19.30-21.30 annakvar fredag, men sjå Facebook for oppdatert info.

I tillegg til halltreningane bruker vi å arrangere 2 helgeturer i året, der paintball, go-cart, badeland, klatrepark, slalom og snowboard har vore nokre av aktivitetane dei siste åra.
Adresse Kontakt Kategori
KRIK Vestnes
Kyrkjekontoret / Vestneshallen Myra 3 / Skulevegen 4
6390 VESTNES
Asle Klock
Org.nr. : 995089890
Telefon: 47096478
Aktivitetar
Kontaktpersonar
Tittel Dagleg leiar
Mobil 47096478
Tittel Styreleiar
Fann du det du leita etter?