Registrer lag/forening
Her kan du registrere laget eller foreninga di i kommunens lag- og foreiningsregister.
Kvifor registrere seg?
Når du registrerer laget/foreininga di, vil opplysningane dine bli tilgjengeleggjort for alle brukarar av kommuna sin nettstad. De blir søkbare både på namn og innan den eller dei foreiningskategoriane de er registrerte under. I tillegg vil vi kunne bruke registreringa i våre interne registre og koble ditt lag/di foreining til for eksempel dykkar henvendelsar, dykkar korrespondanse og dykkar saker hos oss.
Når de er registrert i lag- og foreiningsregisteret, kan de logge dykk på ekstranettet vårt eller det vi kallar for "Min side" for lag/foreining. På denne sida vil de få fram aktuell informasjon tilpassa dykkar behov og informasjon om dykkar forhold til kommuna. Les meir om "Min side" for foreiningar. Det er difor de vert beden om å oppgi brukarnamn og passord under denne registreringa.
Slik går du fram
- Skriv inn e-post adressa til laget/foreininga som brukarnamn (obligatorisk)
- Skriv inn passord (obligatorisk)
- Gjenta passordet (obligatorisk)
- Skriv inn namn (obligatorisk)
- Registrer diverse kontaktinformasjon
- Velg ein kategori som dekkjer lagets/foreininga sitt område (obligatorisk)
- Registrere når laget/foreininga vart etablert og kor mange årsverk de har i dag
- Skriv inn ei kort beskriving av laget/foreininga (obligatorisk)
- Skriv inn faste aktivitetar for laget/foreininga
- Klikk på Registrer-knappen
Tilskotsportal for lag og foreiningar