Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTenester til deg > Servicekontoret
Gå til hovedinnhold
Tjeneste 

Frådeling av eigedom

Ønskjer du å dele frå ei tomt eller opprette ein festegrunn for meir enn 10 år, må du søkje kommunen om løyve. Det er ikkje nødvendig med slikt løyve for deling som skjer som ledd i eit jordskrifte som skjer i tråd med ein rettsleg bindande plan. Eit slikt løyve er trinn 1 i ein saksbehandlingsprosess der trinn 2 er å halde ei delingsforretning der den nye eininga får eige gards- og bruksnummer (sjå eiga tenesteomtale).

Ved delinga må det ikkje kome til forhold som strir mot plan- og bygningslova eller vedtekter som er gjorde etter lova. Difor er krava til søknaden og saksbehandlinga i kommunen den same som for byggjesøknader. Skal du søkje om frådeling for ei ekstra bustadtomt i hagen, må kommunen ta stilling til om det er mogleg å byggje eit bustadhus av normal storleik og standard på den nye parsellen.

Det er eigaren/-ane av eigedommen som kan leggje fram ein delingssøknad.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Blant andre desse kan krevje ein delingssøknad:

  • Grunneigarar
  • Den som gjennom retttskraftig dom er kjent som eigar til den delen av eigedommen som ein ønskjer frådelt
  • Den som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste

Kriterium

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjent av kommunen. Desse kriteria må vere oppfylte:

  • Det må vere sendt varsel til naboane (sjå eiga tenesteomtale) 
  • Tomtedeling må møte alle krava til byggjetomt i plan- og bygningslova, for eksempel krav til veg, vatn og avløp
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller byggjeplan

Kontaktinformasjon

Namn

Servicekontoret

Adresse

Rådhuset, 6390 Vestnes

Tlf

71 18 40 05

E-post

servicekontoret@vestnes.kommune.no

Ansvarleg eining

Tekniske tenester

Søknadsprosess

Rettleiing

Søknaden om deling av eigedom skal vere skriftleg. Søkjaren må føre opp korleis han ønskjer at delinga skal utførast. Søkjaren må også leggje fram eit forslag til grensegangen som er teikna inn på kart.

Søknadsfrist

Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klagemuligheit

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til kommunen. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Rett klageinstans er Fylkesmannen. Før ein sender klagen dit, skal kommunen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Blir vedtaket ståande, vil saka bli send til Fylkesmannen.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Sist endret 15.10.2007 Reidun Bjølverud
Opprettet 11.10.2007 Frank Skorgenes
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Teneste - rediger 
Tips / del