Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTenester til deg
Gå til hovedinnhold
Tjeneste 

Adressetildeling

Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til
  • bustadformål
  • fritidsformål
  • næringsverksemd
  • offentleg verksemd
Kommunen tildeler adresse eller endrar adresse når det er nødvendig, for eksempel
  • når ein skal endre tilkomstvegar
  • oppføre nye bygg
  • det er vanskeleg å finne fram til ei adresse
Adressa skal om mogleg knyttast til den vegen eller gata eigedommen har tilkomst frå.

Ein eigar kan i spesielle tilfelle vende seg til kommunen dersom han/ho ønskjer å endre adressa på eigedommen sin.

Kommunen fastset skrivemåten på namnet.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Eigedomseigarar

Kriterium

Adressetildelinga skal omfatte bygningar som blir brukte til bustadformål, fritidsformål, næringsverksemd eller offentleg verksemd.
Eigarens høve til å få endra ei adressetildeling er avgrensa. Det vil normalt berre skje dersom kommunen har gjort ein feil eller dei faktiske forholda har endra seg (eigedommen har fått hovudtilkomst frå ei anna gate enn tidlegare).

Pris

Sjå link til høgre.

Kontaktinformasjon

Namn

Servicekontoret

Adresse

Rådhuset, 6390 Vestnes

Tlf

71 18 40 05

E-post

servicekontoret@vestnes.kommune.no

Ansvarleg eining

Tekniske tenester

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om å endre adresse.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klagemuligheit

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Sist endret 11.10.2007 Frank Skorgenes
Opprettet 11.10.2007 Frank Skorgenes
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Teneste - rediger 
Tips / del