Personvernerklæring elektroniske skjema

Vestnes kommune brukar kommuneforlaget sine elektroniske skjema.

Elektronisk lagring av personopplysningar kjem inn under lov om behandling av personopplysningar. Vi vil her fortelje korleis omsynet til personvernet blir behandla når det gjeld KS-skjema.

Når du vel å nytte dei elektroniske skjemaa i KS-skjema, gjer vi det vi kan for å gje deg korrekt informasjon om skjemaa og måten resultata blir behandla på. Det er KS som har utvikla skjemaa og som driv dei i samarbeid med Kommuneforlaget AS. Ingen personopplysningar blir samla inn gjennom KS-skjemakatalog via elektroniske skjema utan at du på førehand er gjort kjend med det og har gjeve løyve til det. Du gjer dette som ei aktiv handling på den måten at du kryssar av for at du kjenner til retningslinene våre for behandling av personvernet, og at du innleiingsvis (på den første sida) i alle skjemaa samtykkjer i måten opplysningane blir behandla på.

Når du har kryssa av og vel å nytte dei elektroniske skjemaa våre, samtykkjer du i at personopplysningane om deg (for eksempel namnet ditt eller e-postadressa di, dersom du har ført opp desse) blir samla inn av kommunen.

Dei svara du gjev, vil bli behandla konfidensielt med mindre du har gjeve samtykke til det motsette. Dersom du vel å avbryte eit av skjemaa våre medan du enno held på med å fylle det ut, vil du får spørsmål om du ønskjer å lagre skjemaet, og deretter vil du få oppgjeve ein referansekode. Når du ønskjer å halde fram med skjemaet, legg du denne koden inn på den første sida i skjemaet, og du kjem tilbake til der du sist var i skjemaet. I mellomtida er ingen av dataa tilgjengelege for saksbehandling. Dette skjer ikkje før du vel å klikke på «send»-knappen på den siste sida i skjemaet. Du samtykkjer med dette i at alle opplysningane blir sende til kommunen.

Alle dataa blir krypterte før dei blir overførte mellom datamaskinen din og serverane våre. Tryggleiksnivået er det same som i dei fleste nettbankane (128 bitar SSL-kryptering).

Du har rett til å få sletta opplysningar om deg sjølv som ikkje er heilt nødvendige for saksgangen dersom du ber om det.

Du stadfester at du er over 18 år.

Har du spørsmål om denne personvernerklæringa, kan du ta kontakt med kundesenteret i Kommuneforlaget, telefon 24 13 28 50 Har du tilgang til e-post, kan du nytte: kundeservice@kommuneforlaget.no