Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTema > Servicekontoret > Bibliotek
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Biblioteket

logo bibliotek

Biblioteket ligg i underetasjen i Rådhuset.
Adresse: Rådhuset
6390 Vestnes
Telefon: 71 18 40 84
e-post: biblioteket@vestnes.kommune.no

SJÅ VÅRE OPNINGSTIDER HER.

Twitter-logofacebook
Følg Vestnes folkebibliotek på Twitter og bli tilhengar på Facebook!


Søk i vår katalog, hald oversikt over låna dine, forny og bestill her.

Søk og bestill i bibliotekkatalogar frå heile landet.


NYHEITSSAKER

ABRAKADABRA TEATER
Publikum fekk oppleve ein sprudlande Trond Magnum frå Abrakadabra teater i Biblioteket tysdag 29.01. Tryllekunstar, gjøgling og musikk gjekk "rett heim" hos dei mange frammøtte.




OPNING AV SPELAVDELING
Vestnes folkebibliotek opnar si nye spelavdeling torsdag 10.01. kl 16:00. Opninga vert markert med ei Wii-/PS3-turnering! Påmelding til turneringa skjer ved oppmøte eller på e-post til biblioteket@vestnes.kommune.no.

STENGT GRUNNA KURS
Tilsette ved biblioteket skal på kurs tysdag 13. og onsdag 14. november 2012, og vi må difor halde stengt desse dagane.

EVENTYRSTUND I BIBLIOTEKET
Tysdag 30. oktober kl 18:00 blir det spanande eventyrstund med Olla Rypdal i biblioteket. Borna får høyre om søskena Jostein og Vigdis, som gjetar dyr i fjellet, der både Dovregubben, Huldra og mange andre troll bur. Etter at eventyret er slutt, får borna ta del i ulike aktivitetar. Gratis inngang. Velkommen!

Jostein og Vigdis

BRETTSPELDAGAR I HAUSTFERIEN
Kvar dag i hausferien kan du kome på biblioteket og spele brettspel. Vi har Sjakk, Monopol, Scrabble, Junior-Alias og fleire andre spel som du og venene dine kan bruke. I tillegg severer vi kakao denne veka. Velkommen!

Spel

EGNER-FRAMSYNING MED TEATER VITO
Torsdag 6. september 2012 hadde vi besøk av Teater ViTo, som spela ei rekkje av Egner sine velkjende figurar og fortalde om forfattaren. Vi hadde invitert alle førskuleborna ved kommunens barnehagar, og dei over 50 frammøtte barna og dei vaksne som var med såg ut til å storkose seg.

Teater ViTo

FERIESTENGING SOMMAREN 2012
Biblioteket vert feriestengt f.o.m. 16. juli t.o.m. 10. august i år.


SEMINARET "IKKE BARE SKJØNT"
Torsdag 5. mai var vi vertskap for seminaret "Ikke bare skjønt", som er eit samarbeidsprosjekt mellom Nasjonalbiblioteket, Norsk kulturråd, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Norsk tidsskriftforening. Formidling av sakprosa stod på programmet, og gjest var også forfatteren Mariangela Cacace, som seinare same dag heldt forfattarkveld i biblioteket.

Ikke bare skjønt

JOBBVEKE I BIBLIOTEKET
I veke 18 hadde vi to 9.-klassejenter frå Tresfjord på jobbveke i biblioteket. Dei fekk sjå og lære ein del om kvardagen til ein bibliotekar, og var veldig gode hjelparar!

Jobbveke i biblioteket

FORFATTARKVELD PÅ VERDAS BOKDAG!
Torsdag 5. mai blir det forfattarkveld i biblioteket. Den norsk-italienske forfattaren Mariangela Cacace, som tidlegare har gitt ut ei rekkje ungdomsbøker, gav hausten 2010 ut dokumentarboka Camorraland, om den napolitanske mafiaorganisasjonen Camorra. Det er og laga ein dokumentarfilm basert på boka. Vi vil få sjå dokumentarfilmen og høyre cacace fortelje om researcharbeidet. Vel møtt til ein spanande kveld!

Mariangela Cacace


CD-PLATER TIL UTLÅN
Nytt av året er at du nå kan låne CD-plater hos oss! Vi vil prøve å dekkje dei fleste musikksjangrar, men vil og satse ein del på nyheiter.

BOKBYTTESTASJON I BIBLIOTEKET
Ta med deg ei bok som du ikkje lenger vil eige, men som du trur andre kan ha glede av. Set ho på plass i stasjonen og bytt ho inn i ei ny bok. Stasjonen er utforma som bibliotekaren Kyrre på mopeden sin og er godt synleg i biblioteket.
Bibliotekaren Kyrre

NY FELLES LOGO FOR ALLE BIBLIOTEKA I FYLKET
Alle biblioteka i fylket har no fått ein felles grafisk profil. Hovudlanseringa gjekk av stabelen 21. oktober på Rauma folkebibliotek. Denne dagen hadde vi også ei lokal markering på Vestnes folkebibliotek, der ordførar Øyvind Uren stod for den offisielle avdukinga. Joakim Bjermeland song, og det vart servert kake med logo-flagg.
avduking ny logo biblioteket

NASJONALT LÅNEKORT - EITT KORT FOR HEILE LANDET
På Biblioteket kan du no enkelt bytte inn det gamle lånekortet ditt mot eit nasjonalt, som kan brukast over heile landet.

FILMAR FOR VAKSNE
I biblioteket finn du no ei rekkje filmar for vaksne. Vi anbefaler mellom andre:
It's Complicated
Mankells Wallander: Vitnet
Robin Hood
Hulebjørnens klan
og mange andre!
Robin Hood
Lånetid for video er ei veke. Gå inn på Websøk, klikk på Nyheiter, og du kan bla deg gjennom alt som er nytt av både filmar, bøker og lydbøker.
Du kan også logge deg inn med brukarnamn (nummeret på lånekorte ditt) og passord for å bestille bøker, få oversikt over låna dine, forlenge lån og så vidare.

Sjå Websøk

TENESTER

BIBLIOTEKET SINE TENSTER OG TILBOD
Vestnes folkebibliotek har eit godt tilbod av litteratur og andre typer media som lydbøker, aviser, tidsskrift og videofilmar.

Finn du ikkje det du leitar etter hos oss, kan vi forsøke å låne det inn frå andre bibliotek for deg.

Biblioteket har lesesal og to PC-ar med internettilgang til publikum.

Mot betaling kan du nytte kopimaskin og skrivar.
Det kostar kr 1,- pr ark.

Ønskjer du å motta meldingar på e-post eller sms, ver venleg og kontakt biblioteket.

FOR BARN OG UNGDOM
Under "Barn og ungdom" i menyen til venstre kan du lese meir om tilbodet vårt for deg.








Artikkel - info 
Sist endret 19.04.2013 Vigdis Kjørvik Ødegård
Opprettet 12.08.2008 Reidun Bjølverud
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Artikkel 

KOMMUNEINFO:

Vestnes kommune
Rådhuset, 6390 Vestnes
E-post
Servicekontoret:
Opningstid: 09:00 - 15:00
Org.nr.: 939 901 965
Telefon: 71 18 40 00
Tema - rediger 
Fri tekst [2] 

Fri tekst [1] 

Tips / del