Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTema > Servicekontoret > Innbetaling
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Innbetaling

Fakturering
Faste avgifter i Vestnes kommune blir fakturert slik:
- Kommunale eigedomsavgifter 04 terminar Forfall 25.03, 25.06, 25.10. og 25.12.
- Barnehage 11 terminar Forfall den 20. i neste månad
- SFO 10 terminar Forfall den 20. i neste månad
- Hjelp i heimen og andre tenester 12 terminar Forfall den 20. i neste månad
- Husleige 12 terminar Forfall den 20. i neste månad
- Kulturskulen 02 terminar Vår og haust



Avtalegiro, Fotograf: Reidun Bjølverud
Brukar du AvtaleGiro på rekningane frå oss mottek du ei melding om AvtaleGiro-trekket på kontoutskrifta. Dersom du har nettbank kan du motta dette varselet elektronisk i staden for i postkassa, og du slepp alt papiret. Alt du treng å gjere er å tegne AvtaleGiro med banken din.

eFaktura, Fotograf: Reidun Bjølverud
Brukar du eFaktura kjem rekningane ferdig utfylt rett i nettbanken din, og vert oppbevart der. Da kan du til ei kvar tid gå inn i nettbanken og få opp bilete av både betalte og ubetalte rekningar.

Du vel sjølv når du vil betale rekninga. Sidan alt er ferdig utfylt (KID, kontonummer etc.) er det berre å klikke for å betale. Om du vil, kan du få melding på e-post kvar gong det kjem ei ny rekning i nettbanken din.


Fakturaadresse til Vestnes kommune
Frå og med 1. januar 2016 krev Vestnes kommune elektronisk faktura og kreditnota frå sine leverandørar i EHF-format på alle typer innkjøp og bestillingar. EHF (elektronisk handelsformat) sender fakturainformasjonen vi treng direkte til vårt rekneskapssystem.

Vår fakturaadresse er vårt organisasjonsnr. : 939 901 965
og vårt aksesspunkt er: Visma

Fakturaen skal merkast med bestillers navn og ansvarsnummer.
AvtaleGiro




eFaktura
Artikkel - info 
Sist endret 02.03.2017 Reidun Bjølverud
Opprettet 19.01.2008 Reidun Bjølverud
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Artikkel 

KOMMUNEINFO:

Vestnes kommune
Rådhuset, 6390 Vestnes
E-post
Servicekontoret:
Opningstid: 09:00 - 15:00
Org.nr.: 939 901 965
Telefon: 71 18 40 00
Tema - rediger 
Meir informasjon 
Fri tekst [2] 

Fri tekst [1] 

Tips / del