Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Kyrkjene i Vestnes

Tresfjord kyrkje
Tresfjord kyrkje frå 1828 er den eldste kyrkja i kommunen og er ei åttekantkyrkje i tømmer. Arkitekt for Tresfjordkyrkja var Erik Kroken. Kyrkja er rikt dekorert og mykje av kyrkjeinteriøret er frå 1600-talet.

Kyrkjerommet er tempeltelt-prega ved at takkvelvingen er dekorert med blåe stjerner, og ved dei fire kronstavane som ber kyrkja. Antemensalet frå 1300-talet er eit av dei best bevarte i landet. Interiøret i kyrkja vart restaurert til hundreårsjubileet i 1928.
Kyrkja vart restaurert i 2006/2007

Tresfjord kyrkje, Fotograf: Ukjent
Tresfjord kyrkje

Vestnes kyrkje
Vestnes kyrkje er ei nyare langkyrkje bygd i tømmer i 1872. Krusifiks på alteret fra 1639 som bærer Jens Bjelkes og hustruens initialer.

Vestnes kyrkje, vinter, Fotograf: Jostein Bø
Vestnes kyrkje

Fiksdal kyrkje
Fiksdal kyrkje er ei langkyrkje bygd av tømmer i 1866 med 200 sitjeplassar. Stilen er gotisk inspirert. Arkitekt var Jacob Wilhelm Nordan, og byggmeister var Gjert Lien, Nordfjord.

Noko av det eldre inventaret i kyrkja kom frå det nedrivne Reknes hospital for spedalske, m.a. altartavla (1716) og preikestolen (1718). Kyrkja fekk orgel i 1923 som vart utskifta med pipeorgel i 1960. Kyrkja vart restaurert til 100-årshøgtida i 1966 under leiing av konservator Ola Seter.
(Kjelde: Bygdene våre gjennom tidene. 1982).


Fiksdal kyrkje, Fotograf: John Erik Brakstad
Fiksdal kyrkje

Vike kyrkje
Vike kyrkje er ei nyare lankyrkje bygd i mur i 1970 med arkitekt O.S. Solheim.


Vike kyrkje, Fotograf: John Erik Brakstad
Vike kyrkje



Artikkel - info 
Sist endret 03.01.2008 Reidun Bjølverud
Opprettet 30.12.2007 Reidun Bjølverud
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Artikkel 

KOMMUNEINFO:

Vestnes kommune
Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes
E-post
Servicekontoret:
Opningstid: 09:00 - 15:00
Org.nr.: 939 901 965
Telefon: 71 18 40 00
Tema - rediger 
Fri tekst [2] 

Fri tekst [1] 

Tips / del