Kommunen si rolle i dette har sitt utgangspunkt mellom anna i Opplæringslova § 10-8 der det er slått fast at ”...skoleeigaren har ansvar for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda. Skoleeigaren skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver i skoleverket i høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet."
For å imøtekomme desse krava, blir det utarbeidd ein handlingsplan for grunnskulen i Vestnes. Handlingsplanen blir rullert kvar vår og vedteken av kommunestyret. Planen inneheld tiltak for kompetanseutvikling av det pedagogiske personalet i tråd med statlege signal og tiltak som skal gje best mogleg læringsresultat for elevane. Handlingsplanen finn ein her: http://vestnes.pedit.no
Hovudsatsinga skuleåret 2012/2013 er:
- Leseopplæring - innføring av verktyet SOL (Systematisk oppfølging av lesing)
- Trivselsfremjande tiltak for elevane - Innføring av Trivselsprogrammet
- Vestnes samarbeider med Rauma i prosjektet "Grensesnittet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning". Mål: Styrke den ordinære opplæringa slik at behovet for enkeltvedtak om spesialundervisning blir mindre
Vidareutdanning av lærarar innanfor strategiplanen Kompetanse for kvalitet, der staten stiller gratis studieplassar til disposisjon og betaler 50% av vikarutgiftene:
2009/2010 - ein lærar har tatt vidareutdanning i rådgjeving, 30 stp
2010/2011 - ein lærar har tatt vidareutdanning i matematikk, 30 stp
2011/2012 - ein lærar tek vidareutdanning i tilpassa opplæring og spesialpedagogikk, 30 stp
2012/2013 - Ein lærar tek vidareutdanning i engelsk, 30 stp
2012/2013 - Ein lærar tek vidareutdanning i musikk, 30 stp
201272013 - Ein inspektør har starta på rektorutdanning