
110 BRANN |
|

112 POLITI |
|

113 AMBULANSE | | |
NØDETATANE OVANFOR ER I BEREDSKAP DØGNET RUNDT
Vestnes kommune har også ei lokal kriseleiing som består av ordførar, administrasjonssjef, beredskapskoordinator, aktuelle kommunalsjefar og driftsleiarar samt brannsjef, kommuneoverlege, lensmann, sokneprest, leiar i Vestnes Energi, og andre som kan bli kalla saman i ein lokal krisesituasjon. Kommuneberedskapen kviler på ulike fagplanar innan samfunnstryggleik og beredskap, og du kan lese meir om dette via lenker på denne nettsida.
Alle mindre kriser og uhell blir føresett løyst av kommunen sitt daglege driftsapparat som har sine fagplanar, utan at kommunen si kriseleiing treng å bli kalla saman.
Ved større kriser og uhell trer kriseleiinga i Vestnes kommune saman, og har då mynde til å treffe avgjerd om tiltak.
Ordførar og administrasjonssjef leier kriseleiinga ilag. Administrasjonssjefen leier det operative arbeidet med tanke eigen organisasjon, medan ordføraren har hovudansvaret for ekstern kriseinformasjon.
Den kommunale plana for kriseleiinga inkluderer ein plan for kriseinformasjon og har ein eigen delplan for omsorgsinnsats ved kriser og ulykker. Begge deler er hjelpemiddel som skal vise og rettleie kommuneleiinga, når dei skal handtere ulykker og krisesituasjonar. Varslingslister, etableringsrettleiing, informasjonsrettleiing, ressursoversikter, handlingsplanar etc. er sentrale element i plandokumenta.
Ved omfattande kriser og ulykker blir den lokale redningssentralen (LRS) (Politimesteransvar) etablert. Politiregionen styrer då hendingane. I slike tilfelle skal lokale tiltak alltid avtalast med LRS.