Skule og utdanning i Vestnes kommune
Vestnes kommune har fire kommunale og ein privat grunnskule. I tillegg har ein gjennom Vestnes ressursenter tilbod om grunnskuleopplæring for vaksne og norskopplæring for innvandrarar. Kulturelle aktivitetar er det mange av, og her spelar Vestnes kulturskule ei viktig rolle med kurs og opplæring for alle aldersgrupper. Den einaste vidaregåande skulen ligg i idylliske omgjevnader på Gjermundnes.
Elevtalet inneverande skuleår er 835, og av desse er 39 elevar ved Vike friskule som driv med Montesorripedagogikk som basis. Dei kommunale grunnskulane ligg i Tresfjord, i Tomrefjord, på Helland og i Fiksdal. Dei tre første er barne- og ungdomsskular, medan Fiksdal oppvekstsenter har barnehage i tillegg til grunnskule for dei 7 første årsstega. Skulebygga og uteområda har god standard. Dei store satsingsområda er utvikling av lokale læreplanar, innføring av "Kunnskapsløftet" og ei felles læringsplattform.
Kontaktinformasjon:
|
(Hidden) Ansatte - tabell
|
|
|
|
|