Barnehagane i Vestnes
I Vestnes kommune har vi 8 barnehagar som er plassert frå Vikebukt i aust til Fiksdal i vest. 5 av barnehagane er kommunale og 3 er private. Dei private barnehagane har driftsavtale med kommunen og samarbeidet har fungert godt i mange år.
Alle barnehagane i Vestnes er heildagsbarnehagar og har opningstid frå 06:45-16:30.
Vi har pr i dag 322 barn i barnehage i kommunen. Vestnes kommune har nådd det politiske målet om full barnehagedekning. Dermed har alle barn som har krav på ein barnehageplass fått eit tilbod dette barnehageåret.
Kompetanseheving Vestnes kommune har eit nært samarbeid med Nesset og Rauma når det gjeld kompetanseheving i barnehagane. Dette nettverket har valt, med utgangspunkt i Kunnskapsdepartementet sin strategi for kompetanseheving, å arbeide med pedagogisk leiing dette barnehageåret. Målet for dette arbeidet er å definere og styrke ein felles plattform for leiing i barnehagane. Styrke ein felles kultur som gjenspeglar gode faglege resultat, kvalitet og positivt arbeidsmiljø. I mai 2009 kom St.meld.nr.41 ”Kvalitet i barnehagen”. Det overordna målet i denne meldinga er å bidra til god kvalitetsutvikling i barnehagane. Barnehagelova og Rammeplana definerer kva eit godt barnehagetilbod skal vere. Dermed vil barnehagane i Vestnes sette fokus på kvalitetsikring av innhaldet i barnehagane. I dette arbeidet skal alle barnehagane i Vestnes ta i bruk eit utviklingsprogram som er utarbeida av Marianne Zalik, seniorrådgivar i firmaet Triangel AS. Programmet som er utarbeida spesielt for barnehage, legg vekt på leiing og systematisk arbeid med kvalitet i innhaldet i barnehagane. Gjennom bevisstgjering av leiarrolla og innføring i metode for fagleg utvikling, bidreg dette programmet til å skape bevisste og resultatorienterte leiarar og medarbeidarar, som har fokus på vaksenrolla og barns medverknad sett i høve til kvalitet.
|
(Hidden) Ansatte - tabell
|
|
|
|
|