Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTema > Helse
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Helse

Under tema Helse vil du finne informasjon om dei helsetenestene som vert gitt i Vestnes kommune.

Lege/kommunelege 1 er medisinsk fagleg rådgjevande og tilsett av Vestnes kommune og denne personen skal vere kommunen sin rådgjevar i alle spørsmål som vedkjem helsetilhøva til kommunen sine innbyggarar.

Kommunelege 1 har ein sentral rolle i det samfunnsmedisinske arbeidet i kommunen. Dette omfattar:
    Epidemiologisk arbeid
    Kommunen er pålagt å ha oversikt over helsetilstanden blant innbyggarar. Dette gjeld både fysisk og psykisk helse.

    Førebyggande medisin - sosialmedisin og medisinsk sosiologi
    På bakgrunn av kunnskapen om innbyggarane sin helsetilstand skal kommunen kartleggje tilhøve som kan verka ugunstig på helsetilstanden og da del i planlegginga og
    tilrettelegging av førebyggande tiltak. I dette ligg planlegging og drift av helsestasjon, skulehelsetenesta, eldreomsorg og generell helseopplysning.
    Forstå og foreslå tiltak som forklarer og betrar tilhøvet mellom innbyggarar og helsetenesta i kommunen.

    Miljøretta helsevern'
    Ha kunnskap om og vurdere biologiske, fysiske, kjemiske og sosiale risikofaktorer i miljøet. Det føreset oppfølging av tilhøve som verkar på miljøet med systematisk
    og regelmessig tilsyn med verksemder og tilhøve som kan tenkjast å påverke miljøet.

    Helseplanlegging administrasjon
    Ta del i planlegging av helsetenesta i kommunen. Dette gjeld i alle dei aspekta som Kommunehelsetenestelova nemner som ein del av den helsetenesta som
    kommunen plikter å ha.
    Vere rådgjevar overfor andre kommunale etater i planarbeidet når dette kan påverka miljøet slik at det kan påverke folks helse.
    Ta del i kommunal sakshandsaming i saker som vedkjem folks helse i vid forstand.
    Kommunlege 1 skal ha tilsynsfunksjon i høve anna helsepersonell som arbeider i kommunen.


























    Artikkel - info 
    Reidun Bjølverud 18.05.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
    Tema - rediger 
    Fri tekst [2] 

    Fri tekst [1]