Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTenester til deg > Landbruk
Gå til hovedinnhold
Tjeneste 

Allemannsretten

Allemannsretten tyder at du har rett til å ferdast fritt i skogen, på fjellet og langs kysten. Alle skal ha høve til å drive eit aktivt friluftsliv, samstundes som ein skal ta omsyn til grunneigaren. Derfor er det avgrensingar i denne retten, slik at ingen blir skadelidande.  

Du kan ferdast til fots i utmark heile året. I innmark (som til dømes gardsplass, inngjerda hage og dyrka mark) er retten avgrensa (sjå feltet Kriterium/vilkår). Uansett skal alle som oppheld seg på grunnen til ein annan person eller på sjøen utanfor, opptre omsynsfullt og ikkje gjere noko som kan vere til skade for naturen eller til ulempe for eigaren eller andre. I motsett fall har eigaren rett til å vise bort folk. Men eigaren har ikkje høve til å setje opp skilt eller liknande for å gjere det vanskeleg å ferdast på område der du har rett til å ferdast fritt.

Omtale av tenesta

Kriterium

  • Du kan ferdast til fots i innmark (dette gjeld ikkje gardsplass, inngjerda hage og liknande) når marka er frosen eller snølagd, men ikkje i perioden 30. april til 14. oktober
  • Du kan bade frå ei strand i utmark eller frå båt når det skjer i rimeleg avstand frå hus eller hytte som nokon bur i
  • Du kan dra i land ein båt på ei strand i utmark i ei kortare tid, men ikkje nytte kai eller brygge utan løyve frå eigaren
  • Du kan ikkje raste eller overnatte i innmark utan at du har samtykke frå eigaren 
  • Du kan raste og overnatte i telt i utmark, men berre to døger om gongen utan samtykke frå eigaren, og ikkje nærare hus enn 150 meter (så sant du ikke er på høgfjellet eller langt frå busetnader) 

Kontaktinformasjon

Namn

Servicekontoret

Adresse

Rådhuset, 6390 Vestnes

Tlf

71 18 40 05

E-post

servicekontoret@vestnes.kommune.no

Ansvarleg eining

Stab, støtte, forvaltning

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Sist endret 11.12.2009 Beate Karin Frostad
Opprettet 11.12.2009 Beate Karin Frostad
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Teneste - rediger 
Tips / del