Framsida > Tenester til deg > Servicekontoret
|
|
|
Gå til hovedinnhold
Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordning)
Transporttenesta skal gje funksjonshemma som er avhengige av dør-til-dør-transport, eit tilbod slik at dei kan delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik line med befolkninga elles. TT-ordninga skal berre brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.
Målgruppe
Funksjonshemma
Kriterium
Personar som på grunn av funksjonshemminga vanskeleg kan nytte det ordinære kollektivtilbodet i kommunen. Legeerklæring skal leggjast ved søknaden.
Samarbeidspartnarar
Transporttenesta for funksjonshemma er eit fylkeskommunalt ansvar, men blir administrert av fylkeskommunen og kommunane i fellesskap. Kommunen er den instansen som godkjenner brukaren, og som har direkte kontakt med brukaren gjennom rettleiing og informasjon.
Namn
Servicekontoret
Adresse
Rådhuset, 6390 Vestnes
Tlf
71 18 40 05
E-post
servicekontoret@vestnes.kommune.no
Ansvarleg eining
Servicekontoret
Rettleiing
Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om TT-tenesta.
Skjema
Søknadsskjema
Vedlegg
Legeerklæring
Søknadsfrist
Søknadene vert behandla to gonger i året. Søknadsfrist: 1. april og 1. oktober
Søknad sendast
Vestnes kommune
Rådhuset, 6390 Vestnes
Handsaming
Det vil bli gjort vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klagemuligheit
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er kommunen/fylkeskommunen si eiga klagenemnd. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til klagenemnda.
Lover
Denne tenesta er ikkje lovpålagd. Sjå kommunale og fylkeskommunale retningsliner.
|
|
|
|
|
|
Stikkord
|
|
|
|
|
|