Reklameskilt - skilt langs veg
Du må søkje om å få setje opp reklameskilt eller liknande innretningar. Av omsyn til trafikktryggleiken må slike gjenstandar ikkje uten løyve plasserast ved kommunal veg eller slik at dei er retta mot trafikken eller er synlege for vegfarande (uansett avstand frå vegen). Kommunen gir løyve for ein avgrensa periode. Skilt på laus fot som blir plasserte på fortau, i køyrebana eller på vegkanten, er forbode. Dersom skilt/reklame blir sette opp utan løyve og kommunen må fjerne det, må den ansvarlege bere kostnaden. Kommunen sender varsel om at skiltet må fjernast, men kan unnlate å sende varsel dersom det hastar med å fjerne skiltet av omsyn til trafikktryggleiken.
Målgruppe
- Næringsdrivande
- Organisasjonar
- Privatpersonar
- Alle som ønskjer å setje opp skilt for ulike føremål
Kriterium
For kommersielle og ideelle reklame- og informasjonstiltak:
- Informasjon om næringsverksemd, eit produkt, eit lokalt tiltak (kulturarrangement, loppemarknad, valkampanje, osb.)
- Gjenstandane kan vere alt frå skilt til transparentar, flagg, ballongar, lys, osb.
Unntatt frå søknad om løyve:
- Namneskilt eller reklame for eiga verksemd som er plassert på sjølve bygninga der verksemda blir driven, føresett at det ikkje påverkar trafikktryggleiken
- Adresseskilt, skilt i kryss med privat veg som "Køyr langsamt, barn leiker", vil det ikkje vere nødvendig å søkje om løyve til, men undersøk dette i alle fall.
Namn
Servicekontoret
Adresse
Rådhuset, 6390 Vestnes
Tlf
71 18 40 05
E-post
servicekontoret@vestnes.kommune.no
Ansvarleg eining
Stab, støtte, forvaltning
Rettleiing
Kommunen gjev råd og informasjon om kva det kan gjevast løyve for, kva som ikke er tillate, og kva ein kan gjere utan å søkje om løyve.
Klagemuligheit
Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Klaga må vere grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga sendast dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, går saka vidare til klagenemnda.
Lover
Veglova § 33 og § 57
|
|
|
|