Framsida > Tenester til deg
|
|
|
Gå til hovedinnhold
Regionalt miljøprogram i jordbruket - tilskott
Regionalt miljøprogram utarbeidast for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining. Målet er betre effekt av miljøinnsatsen. Kostnadseffektivitet og synleggjering er også viktig. Regionalt miljøprogram godkjennast normalt for fire år, men mindre justeringar kan skje årleg. Som ein del av Regionalt miljøprogram er det etablert tilskottsordningar som avspeglar dei prioriteringane som er omtalte i miljøprogrammet. Ordningane vil derfor variere frå fylke til fylke, men nokre ordningar kan vere nesten like i fleire fylke. Mengda av ordningar i kvart fylke varierer. Fylkesmannen disponerer ei årleg tilskottsramme som blir fastsett i jordbruksoppgjeret.
Målgruppe
Landbruksføretak
Kriterium
Alle brukarar som mottek produksjonstilskott og som oppfyller vilkåra for kvart einskilt tilskott. Det vil ofte vere krav om miljøplan.
Samarbeidspartnarar
Fylkesmannen utarbeider Regionalt miljøprogram for fylket i samråd med næringsorganisasjonane, fylkespolitikarar og annan miljøfagleg kompetanse. Kommunane får miljøprogrammet til høyring før det blir fastsett. Statens landbruksforvaltning (SLF) godkjenner dei regionale miljøprogramma etter samråd med avtalepartane i jordbruksoppgjeret.
Namn
Servicekontoret
Adresse
Rådhuset, 6390 Vestnes
Tlf
71 18 40 05
E-post
servicekontoret@vestnes.kommune.no
Ansvarleg eining
Stab, støtte, forvaltning
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordningane.
Vedlegg
For mange av ordningane krevjast kart som viser tiltaksgjennomføring.
Handsaming
Kommunen er normalt den instansen som gjer vedtak om tilskott.
Klagemuligheit
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til Fylkesmannen. For vedtak som er gjort av Fylkesmannen, er Statens landbruksforvaltning klageinstans.
|
|
|
|
|
|
Stikkord
|
|
|
|
|
|