Vidaregåande opplæring for vaksne
Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Dette gjeld berre dei som er fødde før 1.1.1978. Opplæringa skal tilpassast behovet til kvar enkelt. Vaksne som får vidaregaende opplæring, har rett til opplæring i den tida som er fastsett i læreplanen. Opplæringa skal byggje på den formal- og realkompetansen den vaksne har frå før, dvs. gje eit tilbod som gjer det mogleg å fortsetje utdanninga frå det nivået den vaksne står på.
Målgruppe
Vaksne, fødde før 1.1.1978, som har fullført grunnskolen, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring.
Kriterium
- Ha fullført grunnskolen eller tilsvarande
- Ikkje ha fullført vidaregåande opplæring
- Vere fødd før 1.1.1978
Pris
Opplæringa er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde eleven med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr.
Rettleiing
Du kan kontakte fylkeskommunen for å få hjelp til å søkje om opplæringa.
Handsaming
Fylkeskommunen gjer vedtak om opplæringa. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje. Vedtaket vil også spesifisere kva tenesta omfattar.
Klagemuligheit
Du kan klage på vedtaket om retten til inntaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til Fylkesmannen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Fylkeskommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Dersom du vil klage på andre forhold ved tenesta, er det klagenemnda i fylkeskommunen som er klageinstans.
Lover
Opplæringslova § 4A-3
Forskrift til opplæringslova §§ 4-36 til 4-45 "Særskilde reglar om opplæring organisert for vaksne"
Forskrift til opplæringslova kapittel 6, særleg §§ 6-27 og 6-28 "Inntak og rangering av vaksne med og utan rett til vidaregåande opplæring"
|
|
|
|