Heimehjelp
Tenesta inneheld nødvendig praktisk hjelp i heimen til alle gjeremål i dagleglivet.
Målgruppe
Personar som har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, rusmiddelmisbruk, alder eller av andre årsaker, kan søkje om heimehjelp.
Kriterium
Dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet, har krav på praktisk bistand. Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren bestemmer kva for tenester som skal gjevast.
Pris
Tenester til personleg stell og eigenomsorg er gratis.
Brosjyre
Rundskriv I-1/93 frå Sosialdepartementet
Namn
Heimetenestene
Adresse
Aktivitetssenteret, 6390 Vestnes
Tlf
71 18 10 00
E-post
heimetenesta@vestnes.kommune.no
Besøksadresse
Aktivitetssenteret, 6390 Vestnes
Ansvarleg eining
Heimetenestene
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimehjelp, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegne, må vedkommande ha fullmakt.
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Handsaming
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klagemuligheit
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.
Lover
Dette er ei lovpålagd teneste etter sosialtenestelova. Om betaling, sjå forskrift til lov om sosiale tjenester, kapittel 8.
|
|
|
|