Eigedomsskatt - betalingsutsetjing av skuldig eigedomsskatt
Eigedomsskatt blir lagt på eigedommar i kommunen. Det er dei politiske organa i kommunen som bestemmer om det skal innførast eigedomsskatt. Du kan få samtykke til betalingsutsetjing av skuldig eigedomsskatt.
Det er innført eigedomsskatt i Vestnes kommune frå 01.01.2012.
Målgruppe
Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagt eigedomsskatt
Kriterium
Når det finst særskilte grunnar, kan du få betalingsutsetjing. Skattytaren har ikkje krav på betalingsutsetjing.
Rettleiing
Betalingsutsetjing kan skje etter søknad frå skattytaren.
Handsaming
Avgjerda om betalingsutsetjing blir gjort av skatteoppkrevjaren.
Lover
Sjå også eigne kommunale vedtekter om eigedomsskatt
|
|
|
|