Framsida
|
|
|
Gå til hovedinnhold
Ledige stillingar
Vestnes kommune søkjer til ei kvar tid etter fagleg interesserte, engasjerte og sjølvstendige medarbeidarar, som er fleksible og løysingsorienterte og har evne til å få andre med seg.
Det vert kravd autorisasjon for tilsetting i fagstillingskoder som sjukepleier, hjelpepleier m.fl.
For nokre stillingar (i skule, barneomsorg, PU, helse- og sosialtenesta) vert det stilt krav til godkjent politiattest, tuberkulinprøve og undersøking for meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA). Dette skal ikkje følgje søknaden, men leggast fram dersom du blir tilbydd stilling hos oss, og aksepterer tilbodet.
Slik søkjer du stilling hos oss: Kommunen har utarbeidd elektroniske søknadsskjema, og dette skal nyttast. Har du ikkje pc med internett-tilgang sjølv, har Servicekontoret i rådhuset, NAV og biblioteket pc til utlån. Her kan du også få hjelp om du skulle trenge det. All utdanning og praksis skal førast opp.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg i søknadsskjemaet, jf offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Vi godtek skriftleg søknad, men kommunen sitt særskilte skjema skal nyttast. Skjemaet får ein på Servicekontoret, tlf 71 18 40 05. - Du kan søkje fleire stillingar i same registrering/søknad. Kvar stilling har sin ID, - kryss av for dei stillingane du søkjer.
- Husk, sett på stillings-ID ved skriftleg søknad.
- Dersom du vert kalla inn til intervju er det viktig at attestar og vitnemål vert tekne med, dersom du ikkje la desse som vedlegg til den elektroniske/manuelle søknaden.
|
|
|
|
|
|
Søk etter stilling
|
|
Stillingkategori - rediger
|
|
|
|
|
|