Beskriving
Dette kan være vikar både på helg og kvardagar. Ønskjer de å stå på ei vikarliste der dei ein kan ringe deg ved behov?
Nærare opplysningar om den einskilde eining finn ein på kommunen sine heimesider under omsorg.
Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid innan pleie og omsorg.
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot.
Slik søkjer du:
Kommunen har utarbeidt elektroniske søknadsskjema, og dette skal nyttast.
Har du ikkje pc med internett-tilgang sjølv, har Servicekontoret i rådhuset, NAV og biblioteket pc til utlån. Her kan du også få hjelp om du skulle trenge det.
Du kan søkje fleire stillingar i same registrering/søknadsskjema. Kvar stilling har sin ID, - kryss av for dei stillingane du søkjer.
Vi godtek skriftleg søknad, men då må kommunen sitt særskilte skjema nyttast. Skjemaet kan ein hente på Servicekontoret eller få tilsendt, - tlf. 71 18 40 05.
Vi gjer merksam på at attestar og vitnemål som blir innsendt ikkje blir returnert.
Dersom du vert kalla inn til intervju er det viktig at attestar og vitnemål vert tekne med, dersom du ikkje la desse som vedlegg til den elektroniske/manuelle søknaden.
Søknadsskjemaet må utfyllast med utdanning og praksis for å kome på søkjarlista, - dette vert CV-en. Vi gjer merksam på at CV vert nytta i utvida søkjarliste.