Beskriving
Nærare opplysningar finn ein på kommunen sine heimesider;
- Info om barnehagane under barnehagar.
- Info om skulane under skule og utdanning.
Det er ein fordel om du har erfaring frå slikt arbeid.
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i
pensjonsinnskot.
Slik søkjer du:
Kommunen har utarbeidt elektroniske søknadsskjema, og dette skal nyttast.
Har du ikkje pc med internett-tilgang sjølv, har Servicekontoret i rådhuset, NAV og biblioteket pc
til utlån. Her kan du også få hjelp om du skulle trenge det.
Søkjer de fleire stillingar må de sende ein søknad for kvar stilling.
Vi godtek skriftleg søknad, men då må kommunen sitt særskilte skjema nyttast. Skjemaet kan
ein hente på Servicekontoret eller få tilsendt, - tlf. 71 18 40 05.
Husk å sett på ID 266 ved manuell søknad.
Vi gjer merksam på at attestar og vitnemål som blir innsendt ikkje blir returnert.
Dersom du vert kalla inn til intervju er det viktig at attestar og vitnemål vert tekne med, dersom
du ikkje la desse som vedlegg til den elektroniske/manuelle søknaden.
Blir de nytta som vikar i kommunen, må de levere attestar og vitnemål for fastsetting av
lønsansiennitet.
Stillingsstorleik
Vikarstilling