Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Gå til hovedinnhold
Ledig stilling 

ID 143 - Besøksheimar til barn og ungdom

Mange personar rundt om i Vestnes har behov for ein støttekontakt eller ein besøksheim. Dersom du/din familie ønskjer å hjelpe, ta kontakt med Vestnes kommune.

Detaljar

Beskriving

Kva er ein besøksheim?
Ein besøksheim er ein familie som fungerer som støtte for barn som treng kontakt med eit anna familiemiljø, eller som av ulike sosiale eller psykologiske grunnar er meir krevjande enn det foreldra maktar.

Kva er målsettinga med ein besøksheim?
Målsettinga er å auke sjølvkjensla, sjølvstende og meistringsnivået til eit barn gjennom samver, fysisk nærleik og trygge grenser. Eit bimål kan vere å avlaste vanskelegstilte foreldre og gje dei overskot til å meistre foreldrerolla i andre periodar.

Kva er støtteapparatet til besøksheimar?
· Rettleiing og evaluering frå fagpersonell
· Personane i husstanden, med sine erfaringar, ressursar, omsorg m.m.
· Eventuelt besøksheimen sitt eige nettverk
· Eventuelt andre instansar som barnehagen, PP-tenesta, m.m.

Kvifor bli besøksheim?
· Fordi ein har overskot og kapasitet
· Fordi ein har lyst til å hjelpe eit barn som treng det
· Fordi det finst barn som har behov for det
· Fordi ein får lønn for det

Vi søkjer etter personar som kan ta på seg slike oppdrag.

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot.


Slik søkjer du:
Kommunen har utarbeidt elektroniske søknadsskjema, og dette skal nyttast.

Har du ikkje pc med internett-tilgang sjølv, har Servicekontoret i rådhuset, NAV og biblioteket pc til utlån. Her kan du også få hjelp om du skulle trenge det.

Du kan søkje fleire stillingar i same registrering/søknadsskjema. Kvar stilling har sin ID, - kryss av for dei stillingane du søkjer.

Vi godtek skriftleg søknad, men då må kommunen sitt særskilte skjema nyttast. Skjemaet kan ein hente på Servicekontoret eller få tilsendt, - tlf. 71 18 40 05.

Vi gjer merksam på at attestar og vitnemål som blir innsendt ikkje blir returnert.

Dersom du vert kalla inn til intervju er det viktig at attestar og vitnemål vert tekne med, dersom du ikkje la desse som vedlegg til den elektroniske/manuelle søknaden.

Søknadsskjemaet må utfyllast med utdanning og praksis for å kome på søkjarlista, - dette vert CV-en. Vi gjer merksam på at CV vert nytta i utvida søkjarliste.

Søknadsfrist – snarast.

Stillingsstorleik

Etter avtale med driftsleiar

Kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Barne- og ungdomstenestene

Kontaktperson 1

Helene Brendeløkken

Søknadsinformasjon

Søknadsskjema

Ledig stilling

Send søknaden til

Administrasjonssjefen
Stilling - info 
Randi Rønnestad , 01.10.2009 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Data [2] 
Rediger 
IkonSøk etter stilling 
Søk